Viken Gartneri

Om Viken Gartneri

front-ole

Velkommen til Viken gartneri`s hjemmeside. Viken gartneri har tilhold på Fåvang i Ringebu kommune i Gudbrandsdalen.

Gartneriet ble starta i 1951 av Hans Ringlund

Eier og driver av gartneriet i dag er Ole Ringlund.

Gartneriet er en familiebedift som i sommersesongen har ca. 7 ansatte i hagesenteret.




Fra ca 1. juli tar vi på oss anleggsgartnerarbeid som: Steinlegging,plenlegging, planting, osv.


Her er en artikkel som ble trykket i Ringebuposten sommeren 2011

Utviklinga av Viken Gartneri frå 1951 – 2011.

Tekst: Øyvind Myhrsveen.

Hans Ringlund, far til Ole, starta med Viken Gartneri i 1951. Namnet kjem av at gartneriet ligg i ei vik. Hans jobba i Åmot Gartneri på Brøttum på dagtid og så sykla han til Viken Gartneri på kvelden og jobba med grønnsakene sine som han solgte på torget på Lillehammer. Ein daglig sykkeltur på 120 km. Etterkvart så bytte Hans ut sykkelen med ein varebil som han frakta grønnsakene sine til torget med. Litt seinere starta han også med dyrking og salg av blomster. Han sette opp eit lite drivhus som han fyra opp med ved. Far var ein arbeidsmaur av det gode gamle slaget som aldri unna seg ein fridag og han hadde ei jernhelse seier Ole. Ole kan hugse at da han var barn var dei på ferie ein einaste gong og da reiste dei til Vestlandet og var borte i 2 dager. Ellers var eg med far mye rundt for å selja både grønnsaker og blomster. Hans var med i det daglige arbeidet på gartneriet til han gjekk bort i 2009 i ein alder av 85 år. Far var heldig seier Ole, han døde med skorne på, for det var det som var fars ønskje.  

Nå har vi prata litt historikk så nå må vi vidare til dagens driver som er Ole Ringlund.

Ole dreiv saman med far sin i mange år og tok over Viken Gartneri i 1992. Ole er utdanna både gartner og annleggsgartner og derfor var det naturleg for han og kutte ut potet og grønnsaksproduksjon, for å satse berre på blomsterproduksjon.

Det er mange som savner dei frodige og flotte juleblomstene frå Viken Gartneri.

Kvifor slutta du å produsere dei flotte julestjernene?

Eg slutta for 2 år sidan, det vart alt for dyrt å produsere juleblomstene nå når strømprisen vart så høg og inntjeninga vart for dårleg. Nå satser eg berre på planter og sumarblomster.

Vi går inn i eit av drivhusa for å sjå på blomsterprakta og for eit flott syn vi møter. Det er blomster i alle farger så langt synet rekker, så eg må berre spørja Ole. Kor mange kvadratmeter drivhus og kor mange planter har du?

Nå har vi 1950 kvadratmeter drivhus og vi har mellom 180 000 – 190 000 planter, så vi har nok å hengja fingrane i.

Kor mange ansatte har du i sesongen?

Eg har 7 ansatte som jobber skiftarbeid i sesongen. Eg er heldig som har så blide, hyggelige og flinke folk til å jobbe hos meg ellers har ikkje dette her gått.

Reiser du lenger rundt i Gudbrandsdalen med planter og blomstersalg?

Nei nå reiser folk så mye at det ikkje er behov lenger eg skal stå å selja på 2 plasser i sumar på Otta og i Vålebrua. Men det er antakeleg siste sumaren det også.

Du er utdanna både som gartner og anleggsgartner, jobber du mye i det offentlege?

Ja eg jobber mye i det offentlege, men også mye privat både for hytteeiere i Hafjell og Kvitfjell. Så nå har eg fullt kjør i heile sumar. Dagene er lange for å vinnast alt og dagen starter kl. 6 kvar morgon.

Så utbygginga i Kvitfjell har stor betydning for Viken Gartneri også?

Ja utan tvil den har stor betydning, med utbygginga i Kvitfjell har vi fått mange oppdrag.

Viss du nå har fått ei glasskule for å spå framtida for Viken Gartneri. Kva vil du seia da?

Framtida ser eg svært lyst på. Tida har endra seg voldsomt dei siste åra. Før kjøpte folk blomster berre til gravstedet på kjørkjegarden, nå kjøper folk svært mye blomster og planter for å pynte opp rundt hus og heim for å få det pent og triveleg. Eg har folk frå Lesja og Skjåk i nord til Lillehammer i sør, som kjem hit for å kjøpe blomster og planter. Eg trur at salget av blomster og planter kjem til å auke i åra framover. Folk tjener godt i dag veit du, seier Ole, og de fleste har lyst til å ha det fint rundt seg.

Kundene er svært blide og fornøgde med å handle av Viken Gartneri seier Ole, men det skulle også berre mangle, vi har da verdens mest blide, trivelege og serviceinnstilte folk bak disken også da humrer Ole.


 

Åpningstider

 Åpningstider i Hagesenteret:

  Mandag-Fredag  Stengt for sesongen

  Lørdag  Stengt

  Søndag  

 

Innlogging

  • Registrer konto
    *
    *
    *
    *
    *
    Fields marked with an asterisk (*) are required.
  • You are here: